PRIKKPERIKUM ( hypericum perforatum)
( 20 g )
Både prikkperikum og firkantperikum veks vilt i Noreg, og dei vart brukt om kvarandre i folkemedisinen sidan dei har omtrent same verknaden.
I dag er prikkperikum godkjent som eit antidepressivt middel ved moderat depresjon, angst og uro. Den er nerveroande, avslappande, smertestillande, krampeløysande, betennelseshemmande, samantrekkjande, sårhelande, antiseptisk, antibiotisk, bakteriedrepande, virushemmande, sopphemmande, slimløysande, urindrivande, lett galledrivande og antioksidant.
Den kan f.eks. brukast v/ søvnforstyrringar, trøyttheitssyndrom, tiltaksløyse, motløyse,
nervesmerter, migrene, fordøyingsvanskar, lever- og gallesjukdomar, magesår, magekatar, premenstruelle syndrom, klimakterieplager, blærekatar, candida, influensa, hoste, bronkitt m.m.
Te av perikum: 1-2 ts tørka urt til 1 stor kopp kokande vatn. Trekkjast ca 10 min.