Nesle, tørka (20 g )

BRENNESLE/ STORNESLE ( urtica dioica)

Nesle er ei av dei mest næringsrike urtene som finst, og inneheld opptil 20 prosent mineral ( m.a. kalsium, kalium, jern og silisium ), og vitamin A, B2 og K1. Den inneheld og diverse amin, flavonoid, organiske syrer, lektin, garvestoff m.m.

Eigenskapar: nesle virkar generelt styrkande og den har sterke blodrensande eigenskapar. Den er urindrivande, og rensar giftstoff ut av kroppen. Den virkar stimulerande på fordøyingssystemet, og er bra v/ diaré, oppblåst mage, magesår, og innvollsorm. Nesle har samantrekkjande verknad, og er difor bra v/ kraftige menstruasjonsblødningar og uregelmessig menstruasjon. Den inneheld mykje jern, vitamin C og klorofyll, noko som hjelper v/ jernmangel. Te av nesle kan vera med å løysa opp urinsyre i blodet, og dermed lindra smerter v/ urinsyregikt. Den kan og hjelpa til å skilja ut nyregrus på eit tidleg stadium.

Til mat: tørka nesle kan brukast i supar, sausar, graut, brøddeig m.m.

Til te: ca.1 ts tørka nesle til 1 kopp kokande vatn. Trekkjast i 10 ca.min. før ein silar av.

NB. Dersom ein brukar medisinar mot diabetes, høgt blodtrykk, betennelsar el.berolegande medisinar bør ein vera litt forsiktig m bruken av nesle. ( sjå urtekilden.no- planteleksikon -brennesle).

kr 65,00
uten fraktkostnad