Kurv
0
kr 0,00
Samspelet med naturen har heilt frå eg var lita jente på ein brattlendt fruktgard i Ullensvang i Hardanger, gjeve meg ei indre glede og ro, og ein djupare meining med livet. Min filosofi er ar jorda skal takast omsyn til, på same måte som jorda tek omsyn til oss. Dette er eit grunnleggjande verdisyn som eg respektfullt prøver å halda fast ved som ein bevisstheit. Ut ifrå denne bevisstheiten ser og opplever eg at dette gjev liv, harmoni og samspel mellom alle artar. Naturen har alltid rett med sitt mangfald og uendelege former for variasjon. Dette gjev oss menneske enno ein mogelegheit til å kunna halda fram å læra, og ut i frå denne erkjenninga visa respekt og vera audmjuke til dette storslåtte samspelet i Skaparverket.