Velkomen til....

 

 

 

|  Adresse: Neslia 74, 5470 Rosendal |  Mobil. 93 06 98 03 |  Org.nr 969 228 955 MVA |  E-post: kariope@kinsarvik.net |

 


 OM PLANTETUNET FRAM TIL 2018:

Urte-og staudegartneriet og enkeltpersonføretaket ’PLANTETUNET Pryd-og nyttestauder’ starta opp i 1993 på Instanes, eit lite småbruk i nærleiken av Kinsarvik i Ullensvang herad. Men frøet til Plantetunet vart nok alt sådd i 1982,då eg som ung og nyutdanna gartnar fekk kraftig pollenallergi.Men det var gartnar eg ville vera! Og sidan tradisjonell skulemedisin ikkje hjelpte meg den gongen, gjekk eg over til å prøva alternativ medisin. Der møtte eg urtene for første gongen, i tillegg til kosthaldsendring.Det vart eit positivt møte for min del.Allergien forsvann. Med bakgrunn i dette,og med god støtte gjennom eit kvinnenettvek+ etablerarstipend frå fylket så vart PLANTETUNET til. Økologisk dyrking var då det naturlege valet.

 

 I 2004 kjøpte eg hus i Kinsarvik, og har drive planteproduksjonen på tomta mi i byggefeltet t.o.m.2013.Eg har hatt ein demonstrasjonshage der og sjølvbetjenings-sal når eg ikkje har vore heime. Eg har heilt sidan starten reist på torg rundtomkring. Det var den beste måten å nå ut til kundane på, i tillegg til å ha sal på postordre. Det har vore utruleg gjevande å kunna reisa ulike stader, både i aust og vest, og treffa så mange hyggelege og positive kundar.

 

Men det har òg sjølvsagt vore svært travelt i sesongane med både produksjon og sal. I 2013 var det tid for å justera kursen, og eg trong ein pause i produksjonen for å få det til. Det vart slik at eg fekk meg sommarjobb i hagen i Baroniet i Rosendal sesongen 2014 ,og vekependla mellom Kinsarvik og Rosendal i 4 mnd.

Eg har vore på torgsal i Kvinnherad mange gonger, heilt sidan Folgefonntunellen opna. Eg likar godt landskapet her, og har i nokre år hatt tankar om å finna eit småbruk i området. Skjebnen ville det ikkje slik, og i april 2015 la det seg til rette slik at eg fekk kjøpt meg eit husvære i eit burettslag. I oktober same år vart huset i Kinsarvik selt. Då eg flytta frå Kinsarvik tok eg med meg ein del planter som eg selde sommaren 2016, noko på torgsal og resten engros. Etter det har eg ikkje hatt kapasitet til å produsera planter.  No har eg bestemt meg for at slik må det verta etter 20 svært travle år med produksjon.

 

PLANTETUNET I 2018:

Eg er så heldig at eg har vorte verande i Baronihagen sidan 2014, og dei siste åra med lengre sesong. Eg trivest svært godt. Det er ei gleda å få arbeida der, både i dei fine omgjevnadane og med dei positive og dyktige folka som driv og arbeider på staden. Gjennom sommaren får eg òg oppleva mange fine kulturtilbod og god mat i Hagekafeen.  

 

PLANTETUNET ER FRAMLEIS EIT ENKELTPERSONFØRETAK,MEN EG HAR IKKJE PRODUKSJON AV PLANTER LENGER.

 

Plantelista og bileta ligg som informasjon til dei som er interesserte i denne typen planter. Eg brenn framleis for kombinasjonen pryd og nytte i ei og same plante, og håpar at mange kan få nytte av bileta som ligg på denne sida og informasjonen om dei ulike plantene på plantelista.

 

 

BOKA MI ’URTESTAUDER TIL BÅDE PRYD OG NYTTE’ HAR EG FRAMLEIS NOKRE EKSEMPLAR AV (sjå nedanfor)

 

EG HAR ÒG FRAMLEIS RINGBLOMSALVE FOR SAL (sjå nedanfor infoen om boka) 

 

 

 

 

 

BOKA OM NYTTEPLANTENE : ’URTESTAUDER TIL BÅDE PRYD OG NYTTE’

For dei som er interessert i å vita litt meir om dei ulike urtene/nytteplantene som står på sortslista og bruken av dei, så har eg skrive ei bok der desse og nokon andre er omtala nærmare. Boka er på ca.100 sider. I første delen er dei vanlegaste urtene til mat omtala, og i den andre delen dei meir el.mindre kjente urtestaudene til ulike nyttige føremål  (nokon få er 2-årige). Dei fleste plantene er vist med teikningar, slik at dei lett kan kjennast att ute i hagen. I boka er òg ein liten del med generelle opplysningar om dyrking, formeiring, gjødsling, hausting, tørking m.m., og om ulike måtar å laga til urtene på. Eg har fått gode tilbakemeldingar på at boka er oversiktleg og lett å slå opp i for å finna opplysningar om kvar enkelt plante. Den har òg vore brukt til kursmateriale. BOKA  KAN TINGAST HJÅ PLANTETUNET OG KOSTAR KR.230,-

 

HER ER EIT EKSEMPEL PÅ KORLEIS BOKA OMTALAR KVAR ENKELT PLANTE:

(Eg har valt å bruka apotekerkattost som eksempel frå boka,sjølv om den ikkje er direkte fleirårig.Boka omtalar  òg nokon 2-årige planter,og apotekerkattost er ei av dei.Den har svært mange ulike bruksområde og er ei nydeleg og spennande pante).

 

 

 

 

 

 

 

(NB! ikkje bilete i boka,men teikningar)

 

Malva sylvestris (malva sylv.mauritiana)

 

 

APOTEKERKATTOST  Malva sylvestris

Kattostfamilien     2-fleirårig,frør seg.    Hardfør.

 

IMG_3065.JPG

HØGD: 40-90 cm FARGE OG BLØMINGSTID: Lilla blomar i juni-sept.Det finst òg andre sortar med litt mørkare lilla blomar (malva sylv.ssp. mauritiana),og med meir rosa blomar (malva sylv.’Zebrina’).

VEKSEPLASS:Trivst i sol eller halvskugge.Den er lett å dyrka,og veks på ulike jordartar,men likar best når jorda er veldrenert og ikkje altfor tung.

INNHAUSTING: Haust unge blad etter behov og bruk dei friske.Blad som skal tørkast kan haustast når planta har begynt å bløma,for då er slimstoffinnhaldet høgast.Dersom ein skjær ned planta etter bløming,vil den gjerne koma til å bløma ein gong til.Blomane kan plukkast friske til bruk i mat,og dei kan tørkast til teblandingar,potpourri eller medisinsk bruk.

FORMEIRING: Så vår eller føresommar,eller ta basis-stiklingar seint på våren eller om sommaren.Ein kan òg ta urteaktige stiklingar av unge skòt.Apotekerkattost oppfører seg ofte som 1-årig,men den kan lett så seg sjølv.Ein kan òg hausta frø av den (så inne el.direkte ute haust el.vår).

HISTORIKK OG BRUK: Apotekerkattost høyrer naturleg heime i Europa,Vest-Asia og Nord-Amerika.Den vart omtala i kinesiske skrifter for 5000 år sidan,og den har vore svært mykje brukt som lækjemiddel og matplante sidan år 700 f.Kr.Moses skal ha brukt malva mot feber då han vandra i ørkenen.Plinius gav den det latinske namnet malacho,-truleg frå malachi,som er det greske ordet for å mjukgjera,-og som viser til dei mjukgjerande og lækjande eigenskapane til planta p.g.a.slimstoff-innhaldet.Grekarane brukte unge skòt av apotekerkattost som grønsak,og i klosterhagane våre var den kjent som ei allsidig grønsak-,lækje-og prydplante.Blad og blom vart brukt på insektstikk,sår og betennelsar,og som mjukgjerande ingrediens i kosmetikk.I folkemedisinen brukte ein knuste blad,rot og blom til grautomslag på svulstar,øyreverk m.m.

MAT: Unge toppar kan brukast i salat,supar el.dampast som grønsak.Blomen vert brukt i urtete-blandingar og som pynt på maten,i salatar,på kaker m.m. (prøv for eksempel lilla apotekerkattost på gul gelè i eit barneselskap!) Til pynt på maten held blomane seg lenge når maten står kjøleg,-heilt til for eksempel kaka er eten opp.

MEDISIN: Apotekerkattost inneheld eteriske oljer,garvestoff,slimstoff,glykosid m.m.Den er sårhelande,betennelseshemmande og slimløysande,og skal hjelpa mot bronkitt, halsinfeksjonar,hoste,hesheit,astma,katar m.m.Den skal helbreda alle slimhinner,og til luftvegane er den fin å bruka saman med fenikkel og anis.Til te er det best å laga eit kaldt-vatnsuttrekk av apotekerkattosten.Ein tek då ei toppa ts til 2,5 dl vatn,let det trekkja natta over,og varmar det så opp.Utvortes kan ein bruka planta som kompress el.avkok i badevatnet til utslett,byllar og sår.Den er òg fin å bruka ved tørre auger/tårekanalar,og på sår kan ein òg bruka den saman med groblad som kompress eller omslag.Ein kan òg gni frisk plantesaft av blada direkte på insektstikk,noko som er enkelt og effektivt.

KOSMETIKK: Den kan òg brukast som mjukgjerande middel i ansiktsvatn,kremar m.m.

VERDI I HAGEN: Ei nydeleg plante som passar godt saman med akeleier,marikåpe m.fl.,og som er svært anvendeleg!

 

 

PLANTETUNET HAR ÒG RINGBLOMSALVE FOR SAL:

 

IMG_3684.JPG

 

 

SALVEN INNEHELD: krunblad av ringblom,

olivenolje og bivoks.

 

KAN BRUKAST TIL:  Fin å bruka på sår og sprukken hud på hender og føter (smør gjerne på om kvelden),som neglesalve,lippesalve,kuldekrem,på frostknutar,fotsopp,

åreknutar,brannsår,kviser,eksem(tørt)og utslett.Kan brukast ved bleieutslett,på såre brystvorter v/amming,mot kviser,som potefeitt på såre hundepotar m.m.Ringblom er svært sårhelande,og difor kan den hjelpa på sår som har vanskeleg for å gro.Den er òg betennelseshemmande.

 

 

 

STORLEIK PÅ KRUKKENE : 30 ml og 50 ml

 

PRIS:

30 ml kr.100,-

50 ml kr.150,-

 

Frakt + eit ekspedisjonsgebyr på kr.45,- kjem i tillegg v/sending.  

 

 

 

BESTILL HJÅ: PLANTETUNET

mob.93069803 el.epost kariope@kinsarvik.net

 

 

 

 

 

 

RINGBLOM (Calendula officinalis):

Ei spennande plante med nydelege orange el.gule blomar som kan brukast til mangt.

Lyser opp i hagen,og blømer til langt utpå hausten.Ringblom er ei 1-årig plante,men frør seg lett sjølv.Høgda er 30-60 cm.

 

MAT: Friske krunblad kan brukast f.eks.i salatar,til pynt på kaker m.m.,til smak og farging av ost,smør,supar,stuingar.Tørka krunblad til te og i te-blandingar,brød,kaker og anna mat.

 

MEDISIN: Ringblom skal vera betennelseshemmande,sårhelande,

desinfiserande,lett krampeløysande,berolegande,sveitte-og galledrivande

og blodtrykksenkande.

Til utvortes bruk er ringblom eit godt sårmiddel,-som salve,grautomslag,

el.kompress dyppa i ringblom-te.